Velkomen til Synssenteret!
Briller er eit smykke. Eit smykke ein går med midt i anletet. Er det ikkje difor litt viktig at dei ser bra ut, og ikkje minst at dei kler nettopp deg? Ved Synssenteret synes me dette er svært viktig. Det fins så mange ulike anletsformar i ulike fargar og fasongar. Nettopp difor har me briller til ein kvar smak og til eit kvart anlet. Det er viktig at brillene har ein fasong som kler din fasong. Like viktig er det at brillen passar i størrelsen og at dei er tilpassa di nase og dine øyrer.
Briller kan få deg til å sjå ung ut, gamal ut, stor ut og trang ut. For oss er det viktig at brillen får deg til å sjå bra ut!
I år skal brillene visast. Markerte og synlege retrobriller inspirert frå 50 og 80-talet pregar brillemoten i år. Dei fleste brillemerkene har og briller som nesten ikkje syns om ein ynskjer det.
Solbriller:
I år som i fjor skal brillene vera store. Formane er mange. Pilot, firkanta og runde. Brunt og svart er klassiske fargar, medan plommeraud og kvit samt sterke fargar som raudt og oransje vert dei nye fargane i år. Solbrillene kan verkeleg vera prikken over i’en i eit antrekk.
Prisar:
Nokre prioriterer pris. Andre prioriterer kvalitet. Difor har me både rimelege og eksklusive briller. Det er stor variasjon i prisar på brilleglas innanfor ein og same styrke. Her spelar kvaliteten ei stor rolle. Me gjev kundane våre informasjon om alternativa, slik at dei sjølve kan velge den prisklassen (og kvaliteten) som er ynskjeleg.
På grunn av desse store variasjonane, som er ukjent for folk flest, har optikaren eit spesielt ansvar for å vera objektiv i sine anbefalingar. Ærleg informasjon både på synsprøverommet og i butikken, er heilt naudsynt for å oppnå det tillittsforholdet me vil og må ha frå våre kundar.

